torsdag 2. august 2012

Haustsesongen startar på fredag!

Første trening av årets haustsesong blir i morgon fredag på Austnes gras kl 1745.  Første kamp er neste fredag så vi har ei veke på å komme i form att etter sommerferien.  Vel møtt!

 

mandag 23. juli 2012

HaNo-Giske 10. august

Det er no bekrefta at HaNo-Giske går fredag 10. august på Nordøy stadion kl 1830. Dermed blir det følgjande haustsesong på HaNo:

Fre 10.08 18:30 HaNo-Giske
Mån 13.08 18:30 Giske-HaNo
Mån 20.08 18:30 HaNo-Langevåg 2
Mån 27.08 18:30 Ellingsøy-HaNo
Søn 02.09 15:00 HaNo-Ravn
Mån 10.09 18:00 HaNo-Aspøy
Mån 24.09 17:30 Harøy-HaNo
Laur 06.10 13:00 HaNo-Giske
Mån 08.10 18:30 Langevåg 2-HaNo
Laur 20.10 13:00 HaNo-Ellingsøy




På Fjesboka noterer Lars at vi trenar første økt onsdag 1. august.  

torsdag 28. juni 2012

Status er: 8 poeng bak

HaNo gir torsdag tilbakemelding til Giske om at ein ikkje ser når kampen kan gå i august. Dermed går det mot tre poeng og resultatet 3-0, slik kampen mellom Harøy og Aspøy enda tidlegare i vår.

HaNo vil då stoppe på 11 poeng etter vårens 9 kampar. Det er 8 poeng bak Langevåg2, som deler førsteplassen med Harøy. Ravn har 18 poeng, etter at dei plukka 12 poeng på rappen no mot ferien. Dei slo LIL2 med 1-0, og har med det slått sulamittane i begge oppgjera i vår.

Første haustkamp er Giske-HaNo 13. august. Deretter ventar Langevåg2 heime og Ellingsøy borte.

24 mann i aksjon i serien

I ein sesong der mange har kome tilbake til klubben, har 94-modellane Olve og Robin spelt seg til meir eller mindre faste plassar i serieoppstillinga til HaNo. 



Jan Egil Ulla 8
Odd Einar Molnes 8
Michael Austnes 8
Cato Longva 8
Preben Lorgen 8
Per Kristian Klokk 7
Even Vestavik 7
Håkon Inge Haram 7
Olve Sigurd Steen 7
Robin Vindsnes Haram 6
Aleksander Ulla 6
Erik Åkre 5
Demir Haram 5
Sindre Longva 5
Per Jarle Fjørtoft 4
Lars Åkre 4
Henrik Åkre 3
Stig Frode Longva 2
Mads Uri 2
Per Olav Sunde 2
Pedro 2
Kenneth Ulla 2
Jonas Longva 1
Joakim Austnes 1



Det står "C.Longva skal putte minst 12 seriemål i 2012" i kontrakta. Cato er i rute med sine 6 fulltreffarar til no. 


Cato skårar mest





 Cato Longva 6
 Aleksander Ulla 3
 Preben Lorgen 1
 Michael Austnes 1
 Håkon Haram 1
 Even Vestavik 1
 Odd Einar Molnes 1
 Jan Egil Ulla 1
Erik Åkre 1
Sjølvmål 1

Preben skåra eit flott mål mot Harøy. Her i aksjon mot Ravn. 


Assists
Odd Einar Molnes 4
Jan Egil Ulla 3
Cato Longva 2
Erik Åkre 2
Joakim Austnes 1
Aleksander Ulla 1

Even er gulast




 Even Vestavik 3
 Preben Lorgen 1
 Aleksander Ulla 1
 Per Kristian Klokk 1
 Cato Longva 1

Ikkje uventa toppar Even både råtassbørsen og spelarpoengbørsen. - Det var difor vi signerte han, seier Ivar Fjørtoft i ein kommentar. 


- Eg må ha eit kapteinsbind eg og, seier visekaptein Per Kristian Klokk, og held fram: - Blir greitt til hausten når Even skal spele annakvar kamp. 

Spelarpoeng
 Even Vestavik 13
 Jan Egil Ulla 7
 Preben Lorgen 5
 Cato Longva 5
 Michael Austnes 4
 Henrik Åkre 3
 Aleksander Ulla 2
 Odd Einar Molnes 2
 Per Kristian Klokk 1



torsdag 7. juni 2012

Kampane før sommaren


Harøy-kampen er flytta til den 20. juni. Dvs at no er det dese kampane att på 11-arlaget før sommarferien:
Måndag 11.juni Aspøy-HaNo
Onsdag 20. juni HaNo-Harøy
Torsdag 28. juni HaNo-Giske

tirsdag 29. mai 2012

HaNo-Harøy flyttast

Glømte å spørje på kamp i dag, men Harøy lurer på om HaNo-Harøy kan gå onsdag 20. juni i staden for måndag 25. junii? Vi har spelefri den veka denne kampen då evt går. Alle må sjekke opp, og gi tilbakemelding til Lars innan treninga på fredag. Sjå elles terminlista til høgre i menyen her.

Fruktkasse

Alle tar med med 50 kroner til fruktkasse til dagens kamp mot Ellingsøy :)

mandag 28. mai 2012

Lars skriv dette i fjesboka:

Tropp til tirsdagens kamp mot Ellingsøy: Kenneth, Sindre, Preben, Even, Erik, Odd Einar, Jan Egil, Robin, Olve, Cato, Lars, Michael, Per Kristian, Alexander, Håkon, Per Olav og Mads. Demir er vekke på jobb og Pedro er enda ikkje speleklar. Oppmøte 1730 på Nordøy Stadion. 

Elles møtest Harøy og Langevåg2 på Harøya, og Aspøy og Ravn på Aksla i morgondagens runde. Kan vi tippe på tre heimetriumfar i morgon?

onsdag 23. mai 2012

Tre kvart tusen kampar


Henrik reiste no på sjøen att, og dersom Kenneth Ulla tek på seg hanskane og skal stå igjen, passerer veteranen nok ein HaNo-milepæl: Han står nemlig med 749 HaNo-kampar for augneblinken.

Trenar Lars Åkre spelte sin kamp nummer 249 i Langevågen måndag. Sindre nummer 49. Ein som ikkje fekk ein koseleg 200-jubileumskamp mot Langevåg2 var Odd Einar.

Lagbilete før LIL2-oppgjeret på måndag

Litt andre facts hittil i år:

Alle 4 seriekampane
Jan Egil, Odd Einar, Mikke, Cato, Preben, Even, Robin.

Seriemål
Cato 3
Jan Egil 1
Mikke 1
Alex 1
Even 1

Assists
Erik 1
Cato 1
Jan Egil 1
Odd Einar 1
Alex 1

Gule kort
Even 2
Per Kristian 1
Preben 1
Cato 1
Alex 1

Spelarpoeng
Even Vestavik
10
 Michael Austnes
4
 Jan Egil Ulla
4
 Henrik Åkre
3
 Cato Longva
2
 Preben Lorgen
1

Ellingsøy sterke borte


Medan HaNo har plukka eitt poeng på bortebane, tok Harøy sitt fjerde bortepoeng på to kampar i 2-2-oppgjeret mot Giske. Giske stadion bydde på skikkeleg nordavindforhold, meldast det. Heimelaget fekk også tildelt to straffespark av den billege sorten, der HIL-målvakta berga det eine.

Neste motstandar er Ellingsøy for oss på tysdag kl 18.30 på Nordøy. Ellingsøy har vore ujamn, og i siste kamp vann Aspøy 1-0 på Nes stadion på Ellingsøya. EIL er likevel framom HaNo på tabellen, ettersom dei har vunne begge sine to bortekampar mot Ravn og Giske (heile 6-1).    

mandag 21. mai 2012

Skuffande tap mot Langevåg 2.

Det var ein skuffa HaNo-gjeng som reiste den lange vegen heim frå Langevåg mandag kveld etter å ha tapt 2-1 mot LIL2.  HaNo leia 1-0 etter første omgang og leverte til tider svært fin fotball mot eit godt Langevåg 2.  i 2 omgang kom LIL2 sterkt tilbake og utlikna etter 65 minutt før vinnarmålet kom når klokka nesten hadde passert 90 minutt.  Skuffande å tape ein slik kamp for eit HaNo-lag som vil mykje og prøver å spele god fotball, men som ikkje heilt får uttelling på spel og sjansar om dagen.  No skal vi slikke såra og brette opp armene og sjå framover mot Ellingsøy heime neste tirsdag.